Knut Arne Høyvik laga jubileumsbok til reiarlaget Smaragd. Ekkoloddet vart utfordra til å skrive eit kapittel der ein ser på Herøyfiskaren med eit lite skråblikk. Slik vart det:

Hardbarka og godhjarta

Ei tid var og ei anna vart. Nøysemda er ikkje like plagsamt påtrengande som før. Før då det vart gitt beskjed om at ein måtte spare på agnet. Biten på ongelen måtte vere berre ein smakebit og ikkje noko «vombafyllj». No svel herøyfiskarane agnet rått. Og kallar det med verdsvand mine for sushi.

Før. Det var då han smalhans låg utom Golleneset. Når nokon spurde kor det hadde gått med fiskeriet, så var svaret aldri positivt. Det mest positive ein kunne få var eit svar som starta med eit neeeeeii. Neeeeei, men det er dårlege prisar. For den som kunne lese mellom linjene så betydde det brotfiske. Vart det ein bra tur? Neeeeei, han var stride med kulingen. Her bør ein ane ugler i mosen og kolmule i posen. Og om nokon skulle finne på å seie noko om at det ikkje hadde vore det verste året, så var ein annan straks ute og påpeikte at neste år, neste år kom det til å bli elende i kø med mindre kvoter og lavare prisar, dårlegare ver og fleire havforskarar.

Tidene forandrar seg, men noko står fast. Herøyfiskaren er sjølvberga og sjølvhjelpte og med ein  sjølvtillit på nokre område som om den skulle vore henta frå Junaiten. Med den største sjølvfylgje set han fram skippermagen og uttalar seg. Nokre gongar på gyngande grunn reint innhaldsmessig, men gyngande grunn kan dei alt om, så dei blir ståande støtt.

Utestemme

For herøyfiskaren er det heilt sjølvsagt at Jesus henta læresveinane frå fiskarmiljøet. Dei håper berre på at det var utanom sesongen. Og at den enorme Peterskyrkja i Vatikanet er bygd over dei jordiske levningane av ein fiskar, ja, nei, det er berre rett og rimeleg. Faktisk ikkje meir enn ein kan forvente.

Desse sjøens menn i Herøy meiner dei har god kontakt på alle nivå. Sjølv om pietismens velmaktsdagar er talde også mellom herøyfiskarane, så er det sagt om dei at det er ikkje når storbåra reiser som ein skyskrapar framfor baugen at ein fyller ut innmeldingsskjemaet til humanetisk forbund.

Men det kan også vere at herøyfiskaren berre er sikker på at dei har god kontakt med alle. Anten det er Vår Herre, EU eller fiskeriministeren, så legg ikkje dei noko i mellom. Dei får alle vite kvar skapet skal stå – eller kvar grensene skal gå og  kvotetaket skal vere. For dei som har gaula kommandoar ut rorhusruta i motvind er utestemme sett på som eit forretningsmessig fortrinn. Dei er ikkje akkurat belemra med nokon autoritetsangst.

Shetlandsgodt

Som Fantomet så er herøyfiskaren hard mot dei harde, men mjuke i hjartet når det kjem til dette med ungane og dei heime. Det er ikkje noko at det skal bli andre bollar når papen kjem heim. Nei, då var det shetlandsgodt og ein fekk lov til alt så mora hadde eit svare styr med å få ungane på rett kjøl når han far for på sjø igjen.

Elles i verda er det slik at heime er kvar mann herre. Men ikkje i Herøy. I denne breiskuldra mannskulturen der skipperen er toppleiar på fangstmaskinar verd hundrevis av millionar, der dei opererer høgteknologisk og innovativt utstyr, der dei er personalansvarleg, dokter og beredskapssjef på sjø, så er dei berre lodottar heime. Ikkje før er båten forsvarleg fortøygd til kaia, så er dei under tøffelen.

Etter at dei har levert ungane på skulen, så stel dei seg av dei ei ørlita ykt på bensinstasjonen til ein kaffi, men så begynner det å rykke rastlaust i dei. Dei må heim igjen og begynne på lista Ho har laga. På den lista står alt frå årets nye utepeis til at dei må huske å ta blodtrykkstablettane.

Kjeledress

Og her kjem ho inn ei heilt eiga kleskode. Kjeledress. Skal ein mann tore seg utomhus, om så det berre er ut på plenen, men for ikkje å seie ned til sjønå, så tek han på seg kjeledressen. Det er to grunnar til det. Den eine er at kjerringa skal tru at han gjer noko. Den andre er at andre skal tru at han gjer noko. Og kanskje er der ein tredje grunn: At han sjølv skal tru at han gjer noko. For sjølv om du no til dags kan risikere å gå deg på ein herøyfiskar på kafe inn i Våja midt på dag, så kjenner dei fleste på at der går grensa. Det er bort i mot den verste lauslivnad ein kan tenkje seg, det å gå gjerandslaus ein heilt vanleg kvardag.

Nei, då er det betre å sikre seg med ta på seg kjeledressen. For enno er forbildet til herøyfiskaren han som har fryse på hendene og pissa på sårfingrane. Dei som låg stua i hop fram i lugaren og åt mygla brød. Kino og bordtennisbord på fiskebåtane er berre noko ein må ha for å konkurrere med offshore…. Fiskarane skal måtte kjempe. Lide.  Og like det.

Øyne som gnistrede stygt

Herøy fiskaren har med dødsforakt gått i retten utan å ha med seg advokatar, dissa forderva-skulte juristane. Etter møtet med storsamfunnet sine spelereglar gjekk dei rasande og hovudristande ut av rettssalen med øyne som gnistrede stygt og det var få som foruten frykt ville kome dei for nær. Men det er den same dødsforakten som gjorde at dei fylte og overfylte båtane med sild til silda og havet og båten gjekk i eitt då på 50-talet. Det er den same dødsforakten som gjorde at dei kryssa Atlanteren med båtar på størrelse med det som i dag er folk sine fritidsbåtar, på jakt etter nye felt og nye fiskeslag då silda vart vekke. Og det er den same viljen og motet som gjer at dei greier eitt til hal før stormen kjem. Dei  vil. Skal. Vidare.

Dei er konservative i botn, på heimefronten grensar det til å vere bakstreverske, sterkt «skjeptisk» til alt frå teater til lærarar og anna finkultur, for ikkje å seie kvinnesak og byråkrati. Men å ha det som før, det held ikkje på sjønå. Der vil dei ha framskritt. Vere først inn i framtida.

Dei er sjølvhjelpte og sjølvberga. Vil fiske betre enn naboen og austevollingane. Dei satsar. Fiskar. Tener pengar. Ikkje rart at Gudmund Hernes då han var statsråd drøymde om å gjere alle nordmenn til sunnmøringar. Og det er ikkje noko meir sunnmørsk enn herøyfiskaren.

Hardbarka og godhjarta, sjølvhjelpte og sjølvberga.

Ja, må han leve!