Synlege kundar

Synlege kundar

Eg er berre i hjelpeapparatet til kundane mine og det er dei som skal vere synlege. Difor er det svært sjeldan eg deler saker eg har produsert for kundane mine. Og om det skjer, så er det alltid avtalt med dei på førehand.

Men eg kan dele gleda over å ha starta 2018 med å ha kundar på trykk i nasjonale, regionale og lokale medium. Når eg har hjelpt kunden med lesarinnlegg som ligg fleire dagar som “Mest lest” på ei nettavis eller ein kronikk som er delt fleire hundre gongar frå ei anna nettavis, då kan eg seie at eg gjer kundar synlege utan at eg tek munnen for full.

Og det er godt å vite at ein er til nytte.

 

Største teateropplevinga på Søre Sunnmøre

Største teateropplevinga på Søre Sunnmøre

Stiftinga Herøyspelet og “Kongens Ring” var min første store kunde. Eg får no for fjerde året på rad jobbe med alt av presse- og marknadsarbeid for det som er den største teateropplevinga på Søre Sunnmøre. Å få innblikk i skaparglede og dugnadsvilje, å få sjå barn som øvar og terpar – og som så strålar etter endt framsyning, i tillegg til å få oppleve øya Herøy og sjølve spelet er med på å gjere dette til ein særs kjekk jobb.

To av dei som bidreg med dugnadsarbeid er Helen og Eivind Sævik. I fjor var dei fotografar for spelet, og leverte mellom anna desse frydefulle fotografia her.