The North West

The North West

 

Å vere kommunikasjonsansvarleg for The North West er samansett. Her er skal det ligge forståing for arrangement og regionutvikling i botn, og eg har hatt stor nytte av den breie samfunnskunnskapen eg har samla.

Arbeidet har vore alt frå fotografering og sosiale media til råd, strategi og det å vere prosjektleiar for samarbeidet med fem ulike klasser ved Høgskulen i Volda som hadde fleire og ulike oppdrag.

Det har vore utfordrande og interessant. The North West er fortsatt i støypeskeia, det skal gåast på mange nye stiar og tenkast utenkte tankar. Men det er også noko av det fine med The North West. Konferansefestivalen har bryte grenser, teikna nye kart og gitt Nordvestlandet noko nytt.

Saman skaper vi framtidas region.

 

Programleiar for jubileumskonsert

Programleiar for jubileumskonsert

Cervix Vocales feira jubileum og inviterte meg til å vere konferansier.

Då fekk eg lov til å presentere eit perlekjede av musikalske skattar. Glitrande diamantar og skimrande perler. Vare stemningar og varige melodiar.

Med godt kor, godt program og gode innspel til kva som skulle seiast,
var det ei fryd å få lov til å leie jubileumskonserten på Fosnavåg konserthus.

Musikk gjer noko med oss, og det gjer noko med oss når vi får vere i lag.

Gratulerer med jubileet og takk for oppdraget!

 

Undervisning ved Høgskulen i Volda

Undervisning ved Høgskulen i Volda

Hausten 2019 får eg vere innom Høgskulen i Volda i fleire omgangar. Eg møter både førsteårs- og tredjeårsstudentar ved Bachelorstudiet i PR og kommunikasjon.

Eg fortel frå kvardagen til ein kommunikasjonsrådgivar og gir råd når dei har studentoppgaver.

Heile tida handlar det om å gjere det beste for kunden. Det er rettesnora både for meg som er i arbeidslivet og dei som er studentar.

Og når ferske teoretikarar og erfarne praktikarar møtest, så skjer det spennande ting. Det vart lærerike opphald bak kateteret. Og som ein hyggeleg bonus, så  har eg også klart kursopplegg med tips korleis du skal skrive pressemeldingar.

 

Helene sjekkar inn på Bok&Beat

Helene sjekkar inn på Bok&Beat

Helene Sandvig saman med Maria Parr, Hilde Myklebust og Simon Stranger er gjester på haustens Bok&Beat. Og beaten er i dei beste hender med Oddbjørn Blindheim kvartett.

  • Vi gler oss stort over å få invitere til ei ny samling der vi får løfta fram Boka og lesegleda – og det med nydeleg godt tonefølgje, seier Karete Johannessen frå Vestvang bokhandel og Kristin F. Husøy, biblioteksjef ved Herøy folkebibliotek.

I fjor haust tenestegjorde Fosnavåg konserthus for første gong som litteraturhus. Då var det utselt hus og svært gode tilbakemeldingar.

  • Mange kom til oss og sa at dette, det ønskte dei seg meir av. Og då er det veldig stas å kunne invitere til eit nytt Bok&Beat laurdag 22. september – og det med ei strålande gjesteliste.

Demens og Henry Rinnan

Helene Sandvig, kjent frå NRK med seriar som «Helene sjekker inn» har skrive bok om faren sin som hadde demens. Kva utfordringar og dilemma dukka opp då ho og søskena forsto at faren ikkje greidde å bu heime? Ho skriv om avmakta i møte med sjukdomen og systemet. Og ho skriv for å minne om kva samtalar det er viktig å ta før det er for seint.

Sandvig har slektsband til Moltu og seier ho gler seg til å høyre meir sunnmørsdialekt på besøket i Fosnavåg.

Den andre langreiste forfattar-gjesten er Simon Stranger. Han er aktuell med si nye bok «Leksikon om lys og mørke». Også han tek utgangspunkt i familiehistorie. Bestemora til kona hans vaks opp i huset der Rinnanbanden heldt til, og kvifor skulle ei jødisk familie velje å flytte inn i hovudkvarteret til Rinnan etter krigen? Arbeidet med boka  har vist han menneskeheita på sitt mørkaste, men boka fortel også om overleving, samhald og korleis ein kan leve vidare.

Dikt og barneklassikarar

Vanylven har god grobotn for forfattarar. Hilde Myklebust har fleire diktsamlingar, barnebøker og ein roman bak seg. No har ho gitt ut diktsamlinga «Kvar ein fugl» med dikt som spring ut frå garden i Syltedalen heime i Vanylven. Kritikkane er gode og Morgenbladet kallar det «Forfriskende utidsmessig».

Maria Parr har gjort bøker om oppvekst på kringflødde holmar og forblåste landskap til verdslitteratur. «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal» er allereie klassikarar i barnelitteraturen. Den siste boka «Keeperen og havet» er på god veg til å bli det. Hilde Myklebust og Maria Parr skal mellom anna få svare på kva det er med Vanylven som skaper god litteratur når dei møter Torill Myren som skal vere samtaleleiar og programleiar for Bok&Beat.

Beat frå Oddbjørn Blindheim-kvartett

Ikkje nok med fire dyktige forfattarar, Bok&Beat byr også på beat frå fire dyktige musikarar. Oddbjørn Blindheim er ein pianist som har gjort at jazz-Norge hadde håpt han skulle forlate tannlegestolen og bruke meir tid pianokrakken. Blindheim vart ved sin lest – men har likevel nådd å glede jazzpublikumet over heile landet med musikken sin. No har han fått med seg musikarar som han har spelt med i ulike samanhengar, men aldri alle i lag. Dermed byr han på ein spesialsnekra kvartett for Bok&Beat-kvelden. I tillegg til Oddbjørn Blindheim på piano, er Frode Grønmyr med på gitar, Svein Hunnes på bass og Eyvind Wahlen på trommer. Oddbjørn Blindheim lovar øyregode låtar i feltet mellom gospel og jazz.

Karete Johannesen og Kristin F. Husøy håper folk vil ta godt i mot arrangementet, gjestene og programmet.

  • Difor gjer vi plass til meir folk enn i fjor med at det blir amfi og ikkje småbord. Men kaffi og noko lite å bite i høyrer med, så vi tek pausepraten i myldreområdet ved konsertsalen.
Molo – om det reine eventyret i Herøy

Molo – om det reine eventyret i Herøy

I Molo 2018 har Ekkoloddet i samarbeid med fotograf Pål Paulsen laga eit magasin som fortel om naturopplevingar og mulegheiter i Herøy.

Hovudsaka handlar om sykling. Herøy har nesten tjue kilometer med vegar som svingar og snirklar seg over hav og langs hav. Det er bruer og fyllingar og fjørenære vegar der horisonten og storhavet er med deg heile vegen.

Elles kan du møte ein familie som besøker frøken Lunde i lundeura, ein av dei svært populære fjellturane i kommunen. Og også her er storhavet ein viktig del av opplevinga. Eller kva med fisketur? Eller fiskemiddag? Du kan lese om det her.