I samarbeid med Vestvang Bokhandel og Herøy folkebibliotek vart det hausten 2019 arrangert Bok&Beat på Fosnavåg konserthus for tredje gong.

Ekkoloddet er med i planleggingsarbeid, utfører pr-arbeid og programleiing inkludert intervjua og sjølve bokbadet.

Konseptet er å auke leselyst og leseglede i møte mellom lokale lesarar og nasjonale forfattarar. Vi legg vekt på å få med både kjendis-forfattarar og smalare forfattarar – og gjerne nynorsk-forfattarar. Praten vert krydra med musikk og kaffi med ein bit av bakst.

I 2019 hadde vi besøk av krimforfattarane Trude Teige og Gard Sveen, Christian Wiik Gjerde som fortalde om adventsboka han hadde skrive for barn og Magnar Fjørtoft som presenterte den nye fotoboka si.

Musikken sto Torunn Sævik for.