Med interninfo som smittevern og ugrasmiddel

Med interninfo som smittevern og ugrasmiddel

Det vart ikkje «nokre veker» og «over påske er vi tilbake til normalen». Vi er ferdige med akuttfasen og inne i ein ny kvardag; koronakvardagen. Den er midlertidig, men likevel langvarig nok til at ein må gjere tiltak for at organisasjonen skal bli sjuk.

Tenk på ein hage som får leve sitt eige liv. Dei største trea greier seg. Lenge. Store, faste, sikre prosjekt som årsrekneskap går sin faste gang og er gjenkjennelege element i landskapet. Mindre prosjekt som allereie er sett i gang vil også vere i utvikling. Det er som solide buskar i hagen. Dei veks, men kanskje ikkje like fint og godt som når gartnaren passar på. Og så er det alt det andre i ein hage. Som berre etter nokre få veker må begynne å kjempe mot ugraset.

Korleis kan ein bedrift i koronakvardagen sørge for at organisasjonen veks som han skal og ikkje vert overgrodd av ugras?

Interninformasjon er eit av svara.

God interninformasjon gjødslar prosjekta ein vil satse på og kveler ugraset.

Felles og skriftleg informasjon til eigne tilsette

  • Skaper lojalitet og held oppe arbeidsgleda. Medarbeidarane blir sett og tatt på alvor. Det skaper trivsel og ønske om å yte. Det gir god vekst og grøde.
  • Sikrar rett og lik informasjon til alle. Du unngår «Kviskreleiken», at det du sa og meinte endrar seg på vegen frå medarbeidar til medarbeidar til medarbeidar. Samtidig kveler du ugraset i ryktebørsen.
  • Gir stø kurs og styrefart. Felles kunnskapsgrunnlag gjer samarbeid enklare og sikrar at folk arbeider mot det same målet. Slik gjødslar du det du vil skal vekse.

God interninformasjon motverkar også usikkerheit og mistrivsel. Det er noko som smittar svært lett. Og det er spesielt smittefarleg når folk må halde avstand.

Vil du ha ein prat om korleis du kan lage interninfo i di bedrift, ta kontakt på telefon 902 01 235.

 

Samanslåingsfest Nye Ålesund

Samanslåingsfest Nye Ålesund

Ekkoloddet jobbar på så mange vis. Nokre gongar er det oppdrag på nokre få timar. Andre gongar vert eg deltidstilsett i engasjement for ein periode hos andre. Slik var det då eg var prosjektkoordinator for festen for Nye Ålesund.

Nye Ålesund er resultatet av Norges største kommunesamanslåing. Det skulle vi markere med å arrangere to folkefestar. Først folkefest for alle innbyggarar på søndag i Sparebanken Møre Arena. Så fest for alle ungdomsskulelevane i den nye kommunen som starta det nye skuleåret med felles skuledag i den store hallen. Tidlegare hadde Ålesund kommune brukt emneknaggen #littmitt. No vart festdagane kalla #heiltmitt. Festen skulle samle.

Til saman var over 5.000 menneske var med på feiringa der vi gjennom rundt 50 standar på golvet viste fram eksempel på alt som skjer innan næringsliv og fritidsliv i Ålesund medan programmet frå scena gav rom for rundt 400 personar frå kulturlivet i den nye kommunen.

Prosjektkoordinator

Eg leia prosjektgruppa frå Ålesund kommune i tillegg til at eg hadde eigne oppdrag i den prosjektgruppa. Det var alt frå eventarbeid med ny kommunesong og kontakt med lydfolk, til å drifte Facebook, sørge for pr-arbeid og marknadsføring – og til å pirke popcorn frå grasmatta når arrangementet var ferdig.

Som oftast var arbeidet skrekkeleg artig og mange møte med mykje dyktige, positive og løysingsorienterte tilsette i Ålesund kommune. Av og til var det likevel skrekkinngytande med stort ansvar og tankar om alt som kunne gå gale. Men etterpå kunne vi puste ut og glede oss over alt som gjekk bra!

Gratulerer til Ålesund kommune som ein ny og livssterk kommune og takk for oppdrag og samarbeid.

 

Kva er det eigentleg vi styrer med!?

Kva er det eigentleg vi styrer med!?

Gode og rette ord ord er eit sterkt våpen også i sals- og rekrutteringsarbeid. Ord skaper forståing og gir påvirkning. Slik er definisjonsmakt reell makt. Hausten 2019 tok to av kundane til Ekkoloddet dette på alvor, kasta seg på djupt vatn og ville lære seg eit nytt språk. Kva ord skulle dei bruke når dei fortel om bedrifta og kva dei styrer med?

Dyktige fagfolk som kan alt om sitt felt pratar lett på eige fagspråk. Men kva skjer når den du skal snakke med har eit anna språk? Korleis kan du snakke slik at du når fram til dei som skal kjøpe tenestene eller produkta dine? Eller til folk du vil ha med som nye tilsette?

Gjennom gode pratar med nøkkelpersonar i bedriftene kom Ekkoloddet med forslag til nye ord, nye slagord og eit nytt språk for bedriftene. Desse vart presentert med eksempel på bruk både i pressemeldingar og heimeside, i sosiale media og marknadsføring.

 

Bok&Beat

Bok&Beat

I samarbeid med Vestvang Bokhandel og Herøy folkebibliotek vart det hausten 2019 arrangert Bok&Beat på Fosnavåg konserthus for tredje gong.

Ekkoloddet er med i planleggingsarbeid, utfører pr-arbeid og programleiing inkludert intervjua og sjølve bokbadet.

Konseptet er å auke leselyst og leseglede i møte mellom lokale lesarar og nasjonale forfattarar. Vi legg vekt på å få med både kjendis-forfattarar og smalare forfattarar – og gjerne nynorsk-forfattarar. Praten vert krydra med musikk og kaffi med ein bit av bakst.

I 2019 hadde vi besøk av krimforfattarane Trude Teige og Gard Sveen, Christian Wiik Gjerde som fortalde om adventsboka han hadde skrive for barn og Magnar Fjørtoft som presenterte den nye fotoboka si.

Musikken sto Torunn Sævik for.

Kurs og undervisning

Kurs og undervisning

Kan du skrive ei god pressemelding, kan du det du treng om kommunikasjon.

Det er spissformuleringa eg bruker i møte med studentane ved bachelor-studiet i PR og kommunikasjon ved Høgskulen i Volda.

Gjennom ei undervisningsveke vert dei drilla i skriving av pressemelding med tankegang rundt målgruppe, nyheitskriterie og timing. Veka vert avslutta med intervju der dei får oppleve alt frå talepunkt og medietrening til intervju i studio og evaluering etterpå.

 

The North West

The North West

 

Å vere kommunikasjonsansvarleg for The North West er samansett. Her er skal det ligge forståing for arrangement og regionutvikling i botn, og eg har hatt stor nytte av den breie samfunnskunnskapen eg har samla.

Arbeidet har vore alt frå fotografering og sosiale media til råd, strategi og det å vere prosjektleiar for samarbeidet med fem ulike klasser ved Høgskulen i Volda som hadde fleire og ulike oppdrag.

Det har vore utfordrande og interessant. The North West er fortsatt i støypeskeia, det skal gåast på mange nye stiar og tenkast utenkte tankar. Men det er også noko av det fine med The North West. Konferansefestivalen har bryte grenser, teikna nye kart og gitt Nordvestlandet noko nytt.

Saman skaper vi framtidas region.