Helene Sandvig saman med Maria Parr, Hilde Myklebust og Simon Stranger er gjester på haustens Bok&Beat. Og beaten er i dei beste hender med Oddbjørn Blindheim kvartett.
- Vi gler oss stort over å få invitere til ei ny samling der vi får løfta fram Boka og lesegleda – og det med nydeleg godt tonefølgje, seier Karete Johannessen frå Vestvang bokhandel og Kristin F. Husøy, biblioteksjef ved Herøy folkebibliotek.
I fjor haust tenestegjorde Fosnavåg konserthus for første gong som litteraturhus. Då var det utselt hus og svært gode tilbakemeldingar.
- Mange kom til oss og sa at dette, det ønskte dei seg meir av. Og då er det veldig stas å kunne invitere til eit nytt Bok&Beat laurdag 22. september – og det med ei strålande gjesteliste.
Demens og Henry Rinnan
Helene Sandvig, kjent frå NRK med seriar som «Helene sjekker inn» har skrive bok om faren sin som hadde demens. Kva utfordringar og dilemma dukka opp då ho og søskena forsto at faren ikkje greidde å bu heime? Ho skriv om avmakta i møte med sjukdomen og systemet. Og ho skriv for å minne om kva samtalar det er viktig å ta før det er for seint.
Sandvig har slektsband til Moltu og seier ho gler seg til å høyre meir sunnmørsdialekt på besøket i Fosnavåg.
Den andre langreiste forfattar-gjesten er Simon Stranger. Han er aktuell med si nye bok «Leksikon om lys og mørke». Også han tek utgangspunkt i familiehistorie. Bestemora til kona hans vaks opp i huset der Rinnanbanden heldt til, og kvifor skulle ei jødisk familie velje å flytte inn i hovudkvarteret til Rinnan etter krigen? Arbeidet med boka har vist han menneskeheita på sitt mørkaste, men boka fortel også om overleving, samhald og korleis ein kan leve vidare.
Dikt og barneklassikarar
Vanylven har god grobotn for forfattarar. Hilde Myklebust har fleire diktsamlingar, barnebøker og ein roman bak seg. No har ho gitt ut diktsamlinga «Kvar ein fugl» med dikt som spring ut frå garden i Syltedalen heime i Vanylven. Kritikkane er gode og Morgenbladet kallar det «Forfriskende utidsmessig».
Maria Parr har gjort bøker om oppvekst på kringflødde holmar og forblåste landskap til verdslitteratur. «Vaffelhjarte» og «Tonje Glimmerdal» er allereie klassikarar i barnelitteraturen. Den siste boka «Keeperen og havet» er på god veg til å bli det. Hilde Myklebust og Maria Parr skal mellom anna få svare på kva det er med Vanylven som skaper god litteratur når dei møter Torill Myren som skal vere samtaleleiar og programleiar for Bok&Beat.
Beat frå Oddbjørn Blindheim-kvartett
Ikkje nok med fire dyktige forfattarar, Bok&Beat byr også på beat frå fire dyktige musikarar. Oddbjørn Blindheim er ein pianist som har gjort at jazz-Norge hadde håpt han skulle forlate tannlegestolen og bruke meir tid pianokrakken. Blindheim vart ved sin lest – men har likevel nådd å glede jazzpublikumet over heile landet med musikken sin. No har han fått med seg musikarar som han har spelt med i ulike samanhengar, men aldri alle i lag. Dermed byr han på ein spesialsnekra kvartett for Bok&Beat-kvelden. I tillegg til Oddbjørn Blindheim på piano, er Frode Grønmyr med på gitar, Svein Hunnes på bass og Eyvind Wahlen på trommer. Oddbjørn Blindheim lovar øyregode låtar i feltet mellom gospel og jazz.
Karete Johannesen og Kristin F. Husøy håper folk vil ta godt i mot arrangementet, gjestene og programmet.
- Difor gjer vi plass til meir folk enn i fjor med at det blir amfi og ikkje småbord. Men kaffi og noko lite å bite i høyrer med, så vi tek pausepraten i myldreområdet ved konsertsalen.