KVA EG HAR GJORT

Med interninfo som smittevern og ugrasmiddel
Alt levande treng pleie. Også ein organisasjon. Ikkje minst når folk er spreidde på heimekontor eller er ute i permitteringar.

Samanslåingsfest Nye Ålesund
Skrekkinngytande og skrekkeleg artig. Slik var det å vere prosjektkoordinator for festen då fem kommunar slo seg saman til Nye Ålesund.

Kva er det eigentleg vi styrer med!?
Merkevarestrategi. Å sette dei rette orda på kva ei bedrift styrer med.

Bok&Beat
Planlegging, pr-opplegg og programleiing. Bok&Beat gir faglege utfordringar og leseglede.

Kurs og undervisning
Korleis skrive gode pressemeldingar?

The North West
Det er alltid stas å få vere med på eit stort arrangement frå første oppstart til gjennomføring. Og med The North West er det trakka nye spor på Nordvestlandet.

Programleiar for jubileumskonsert
Vakkert sjølv frå sidelinja! Sjølv om hovudet alltid er i gang med det som skal skje neste gong eg skal på scena, så gjekk songen likevel gjennom konsentrasjon og fornuft og inn i hjartet.

Undervisning ved Høgskulen i Volda
Gjennom undervisning av studentar ved Høgskulen i Volda får eg både friska opp teori og systematisert erfaring. Dessutan er det nyttig kurs-trening.

Helene sjekkar inn på Bok&Beat
Helene Sandvig frå NRK sjekkar inn på Bok&Beat i lag med fleire dyktige forfattarar og skreddarsydd jazzkvartett. Stor stas å få vere med på planlegging, pressearbeid og programleiiing. Sjå meir om arrangementet under

Molo – om det reine eventyret i Herøy
Herøy havland er det reine eventyret. På oppdrag frå Herøy næringsforum formidlar Ekkoloddet dette i Molo – til kortreist og langreiste gjester og dei som bur i dette eventyret.

Synlege kundar
Å gjere kundane synlege og attraktive er målet. Då er det stas å starte 2018 med kundar som er synlege nasjonalt, regionalt og lokalt.

Største teateropplevinga på Søre Sunnmøre
Gler meg over å få lov til å samarbeide med “Kongens Ring” også i år.
ARKIVET
2017
2017-sommar: Tekst til programbladet til Fosnavåg konserthus
2017-januar-juni: Store og små tekstar, interne og eksterne, heimeside, råd og pressemeldingar, frå ideen rundt ordet til utdelinga av stipend på TEFT-galla då Sparebanken Møre la om frå GNIST-stipend til TEFT-stipend.
2017-mai: Tekst og innhald til www.visitfosnavaag.no.
2017-våren: Nyskriving og omskriving av reiselivsguiden til Destinasjon Ålesund & Sunnmøre i tillegg til nynorsk-kurs for dei tilsette i DÅS.
2017-våren: Alt av presse- og marknadsføringsarbeid for Herøyspelet, pressemeldingar, drifting av sosiale media og også tekst, innhald og prosjektstyring på programbladet.
2017-våren: Tekst og med frå ide til trykk for magasinet Molo på oppdrag frå Herøy næringsforum.
2017-03: Programleiar for kulturgallaen “Til kulturens pris” i Fosnavåg konserthus.
2017-03: Samtaleleiar under årets 8. mars-arrangement i Aasentunet.
2017-01: Avtale med Møre og Romsdal Venstre om kommunikasjonsarbeid i samband med valkamp og stortingsvalet hausten 2017.
2016
2016-08: Gjesteforelesning for masterstudentane ved medieutdanninga på Høgskulen i Volda.
2016-07: Tekst og delvis foto til Havyard Times.
2016-06: Innhald til heimeside og brosjyre for Skotholmen.
2016-6: Pressemeldingar for Sparebanken Møre i samband med tildeling av Gnist-stipend til unge talent.
2016-våren: Alt av presse- og marknadsføringsarbeid for Herøyspelet, pressemeldingar, drifting av sosiale media og også tekst, innhald og prosjektstyring på programbladet.
2016-04: Ørsta og Volda sender ut brosjyre til alle husstandar om kommunereform, intensjonsavtale og folkeavstemming.
2016-04: Herøy næringsforum gir ut magasinet Molo i 35.000 eksemplar. Ekkoloddet har levert dei fleste tekstane i tillegg til språkvask av magasinet.
2016-04: KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal arrangerer sin 20. konferanse om arbeidsmiljø. Eg får lov til å vere programleiar gjennom begge dagane og leie panelsamtalen.
2016-våren: Brosjyre, pressemelding, presentasjon, tidslinje, språkvask og rådgjeving for Ørsta kommune og Volda kommune i samband med kommunereformprosessen våren 2016.
2016-02: Kontrakt med Ørsta og Volda om informasjonstenester i samband med kommunereformprosessen.
2016-01: Jubileumsforedrag for sanitetskvinnene i Herøy som feira 100 år.
2015
2015-11: Foredrag for kontrollutvala på Søre Sunnmøre, Selje og Vågsøy. Om offentlegheit og om kontrollutvala har noko å lære av pressa.
2015-09: Pressemelding for fotoutstillinga til Siv-Elin Nærø og Lise Chapman.
2015-7: Bokomtale av Kleven-boka i Regionavisa. Knut Arne Høyvik skriv “Torill Myren tek pulsen på dagens verft og tilsette på ein flott måte”.
2015-07: Vanylven utvikling gir ut magasin om næringsliv og reiseliv i kommunen. Magasinet blir sendt ut til alle husstandar i Vågsøy, Selje, Vanylven, Sande og Herøy. Ekkoloddet har vore med på idearbeid, levert artiklane og nokre av bilda.
2015-06: Folketalsutviklinga og stadig skeivare kjønnsbalanse er av dei store samfunnsutfordringane på Søre Sunnmøre. Staten har gitt kommunane nye, friske pengar til å drive med informasjon til innbyggarane i samband med kommunereforma. Ulstein kommune valde å bruke ein del av desse pengane til å få Ekkoloddet til å løfte fram problemstillinga knytt til folketal og kjønnsbalanse.
2015-05: Intervju i Journalisten om å slutte som journalist og få heider for “datajournalistikk på sitt beste”
2015-05: Tildelt pris for Årets nettsak, liten redaksjon, av NONA, for “Borte bra, heime verst”.
Artikkel på www.medier24.com
Artikkel på www.smp.no
2015-06: Pressemelding for Fosnavågkonferansen på oppdrag frå Herøy Næringsforum.
2015-06: Bokslepp, jubileumsboka til Kleven.
Artikkel i Smp ut frå boka om ringverknader
Artikkel i Smp ut frå boka om eigarforhold
Artikkel på Nett.no om boka
NRK Møre og Romsdal frå boksleppet
2015-06: Pressemeldingar for Sparebanken Møre i samband med tildeling av Gnist-stipend til unge talent.
2015-05: Tildelt pris for Årets nettsak, liten redaksjon, av NONA, for “Borte bra, heime verst”.
2015-05: Molo, reportasjemagasin frå Herøy.
2015-04: Møre og Romsdal journalistlag tildelte Featureprisen 2014 til meg og grafikar Liv-Jorunn Håker Ottesen for Borte bra, heime verst.
http://www.smp.no/nyheter/article10865251.ece
2015-04: Det siste eg gjorde i Sunnmørsposten før eg slutta var ein artikkelserie om vald mot barn. Nettversjonen er no nominert av Mediebedriftenes Landsforening til Årets digitale historie. Stas å bli nominert i lag med mange særs sterke kandidatar.
2015-04: Sunnmøre politidistrikt arrangerer konferanse om vald i nære relasjonar. Nærare 200 deltakarar frå heile Sunnmøre. Ekkoloddet får oppdraget med å leie konferansen.
2015-03: Sunnmørsbadet opnar og får ny heimeside. Ekkoloddet har levert tekst.
2015-02: Pressemelding, ope møte i Ulstein om kommunereform
2015-02: I gang med arbeidet for Herøyspelet
Styret kunngjer at ein opnar for påmelding og avtalen med Ekkoloddet.
2014-12/2015-02: Prosjektleiar og forfattar, jubileumsboka til Klevenkonsernet