KVEN EG ER

Ekkoloddet gjer kundane synlege og attraktive.

Ekkoloddet hjelper bedrifter og organisasjonar til å fortelje om kva dei gjer og kvifor dei gjer det, til eigne tilsette og til omverda. Og Ekkoloddet er skreddarsydd for å vise fram verdiane vi hentar frå havet.

Ekkoloddet har hatt ei rekke kundar i mange ulike bransjar. Oppdraga gjeld både idear, språk og innhald, tekst, analyse og strategi. Sjå meir om noko av det eg har gjort under “Kva eg har gjort”.

Eg har breispektra erfaring som journalist i over tjue år og fleire år som kommunikasjonsrådgivar.

 

Kvar dag handlar om å samle og sortere informasjon,
foredle og forklare, tydeleggjere og synleggjere.

Eg leverer alle typar tekstar og sjangrar til publisering både på nett og papir.

Eg har høgskuleutdanning innan media, statsvitskap og historie, personalarbeid og regional utvikling.

I tillegg har eg gjennom arbeid i Sunnmørsposten og Ekkoloddet opparbeidd eit stort nettverk og rik kunnskap om næringsliv og samfunnsliv på Nordvestlandet.

Ekkoloddet AS, Fosnavåg, vart starta og stifta av Torill Myren i 2015.

Postadresse:

Sævik 86, 6094 Leinøy

Telefon:

+47 902 01 235

Organisasjonsnummer:

914 800 358

Kontakt Ekkoloddet

torill@ekkoloddet.no

Tlf. +47 902 01 235