Det vart ikkje «nokre veker» og «over påske er vi tilbake til normalen». Vi er ferdige med akuttfasen og inne i ein ny kvardag; koronakvardagen. Den er midlertidig, men likevel langvarig nok til at ein må gjere tiltak for at organisasjonen skal bli sjuk.

Tenk på ein hage som får leve sitt eige liv. Dei største trea greier seg. Lenge. Store, faste, sikre prosjekt som årsrekneskap går sin faste gang og er gjenkjennelege element i landskapet. Mindre prosjekt som allereie er sett i gang vil også vere i utvikling. Det er som solide buskar i hagen. Dei veks, men kanskje ikkje like fint og godt som når gartnaren passar på. Og så er det alt det andre i ein hage. Som berre etter nokre få veker må begynne å kjempe mot ugraset.

Korleis kan ein bedrift i koronakvardagen sørge for at organisasjonen veks som han skal og ikkje vert overgrodd av ugras?

Interninformasjon er eit av svara.

God interninformasjon gjødslar prosjekta ein vil satse på og kveler ugraset.

Felles og skriftleg informasjon til eigne tilsette

  • Skaper lojalitet og held oppe arbeidsgleda. Medarbeidarane blir sett og tatt på alvor. Det skaper trivsel og ønske om å yte. Det gir god vekst og grøde.
  • Sikrar rett og lik informasjon til alle. Du unngår «Kviskreleiken», at det du sa og meinte endrar seg på vegen frå medarbeidar til medarbeidar til medarbeidar. Samtidig kveler du ugraset i ryktebørsen.
  • Gir stø kurs og styrefart. Felles kunnskapsgrunnlag gjer samarbeid enklare og sikrar at folk arbeider mot det same målet. Slik gjødslar du det du vil skal vekse.

God interninformasjon motverkar også usikkerheit og mistrivsel. Det er noko som smittar svært lett. Og det er spesielt smittefarleg når folk må halde avstand.

Vil du ha ein prat om korleis du kan lage interninfo i di bedrift, ta kontakt på telefon 902 01 235.