Ekkoloddet jobbar på så mange vis. Nokre gongar er det oppdrag på nokre få timar. Andre gongar vert eg deltidstilsett i engasjement for ein periode hos andre. Slik var det då eg var prosjektkoordinator for festen for Nye Ålesund.

Nye Ålesund er resultatet av Norges største kommunesamanslåing. Det skulle vi markere med å arrangere to folkefestar. Først folkefest for alle innbyggarar på søndag i Sparebanken Møre Arena. Så fest for alle ungdomsskulelevane i den nye kommunen som starta det nye skuleåret med felles skuledag i den store hallen. Tidlegare hadde Ålesund kommune brukt emneknaggen #littmitt. No vart festdagane kalla #heiltmitt. Festen skulle samle.

Til saman var over 5.000 menneske var med på feiringa der vi gjennom rundt 50 standar på golvet viste fram eksempel på alt som skjer innan næringsliv og fritidsliv i Ålesund medan programmet frå scena gav rom for rundt 400 personar frå kulturlivet i den nye kommunen.

Prosjektkoordinator

Eg leia prosjektgruppa frå Ålesund kommune i tillegg til at eg hadde eigne oppdrag i den prosjektgruppa. Det var alt frå eventarbeid med ny kommunesong og kontakt med lydfolk, til å drifte Facebook, sørge for pr-arbeid og marknadsføring – og til å pirke popcorn frå grasmatta når arrangementet var ferdig.

Som oftast var arbeidet skrekkeleg artig og mange møte med mykje dyktige, positive og løysingsorienterte tilsette i Ålesund kommune. Av og til var det likevel skrekkinngytande med stort ansvar og tankar om alt som kunne gå gale. Men etterpå kunne vi puste ut og glede oss over alt som gjekk bra!

Gratulerer til Ålesund kommune som ein ny og livssterk kommune og takk for oppdrag og samarbeid.