I samarbeid med Vestvang bokhandel, Herøy folkebibliotek og Fosnavåg konserthus såg ein nyskaping på kulturfronten dagens lys hausten 2017. Litteraturen vart løfta fram på scena i eit bokbad med krimforfattarane Hans Olav Lahlum og Trude Teige. Gunnar Myklebust vart intervjua om hans bok om Ragnar Ulstein, og Morten Schakenda presenterte den nyaste kokeboka si – ei bok som vart til på Skotholmen. I tillegg til bøkene var det også “beat” ved Holum Trio.

For meg som særs leseglad så var det ei fryd å få vere den som bokbada gjestene.

Mellom anna Sunnmørsposten skreiv fleire saker om arrangementet.